Litt oppreisning

No har eg endelig fått litt penga tilbake frå vårt kjære gamblingnettsted. Det var no ikkje masse pengane eg fikk. Det kan heller kallast ein symbolsk sum på at dei tok feil.

Uansett skal eg klage meir for eg fikk jo kun ein dollar tilbake. Det vil eg no si er altfor lite altså. Eg brukte til saman 5 dollar på spill der eg mista tilkoblinga, eg skal nok skrive nok ein klagemail. Eg er rett og slet litt i harnisk over den lattelige behandlinga. Eg kunne jo vunne 16 kroner dersom eg hadde fått fullført spillet mitt, for det er absolut ingen tvil om at eg vill fått glatt over 3000 poeng i spillet.

I morra skal eg sette meg ned, som ein forberedelse til engelskeksamen og skrive ein skikkelig tekst til det litt fæle nettstedet. For det er liksom ikkje verdens mest grusomme sted. Statusen deira økte litt når dei ga meg litt penga i retur, så vi må ikkje se så mørkt på det.

Elles har eg bestemt meg for at mi framtidige kone skal ha medisinske kunnskaper. Eg har funne ut at eg er rett og slett ute av stand til å passe på meg sjølv. For dinna gutten har nemmelig vrikka foten kraftig. Det skjedde faktisk for nøyaktig 1 uke sia. Då var eg innom sjukehus og legevakt med foten min. Apros helsenorge, her har vi jo eit gigantisk problem, eg trodde vi hadde eit billig helsevesen her i Noreg, men eg syns det er ganske dyrt. For eg brukte over 600 kroner på forskjellige timer rundt omkring. Dei griskaste var dei på sjukehuset, der skulle dei først ha 200 kroner for røntgen og 235 kroner for å høre på ortopeden snakke om ka som kunne være gale. Eg syns det er rett og slett for gale, tenk kor mange filma eg kunne kjøpt i staden for. Eg er rett og slett litt skremt for å si det mildt.

Tilbake til det om min framtidige kone, ho må ha veldig gode medisinske egenskaper og hindrer meg i og dra på innebandytrening før foten er bra. For akkurat no så gjør foten litt vondt, og i morra, nei det tør eg ikkje og tenke på.

I morra må eg forresten gå på jobb, ikkje heilt heimaifra. Men ifra Janco i byn, bilen skal nemmelig på EU kontroll, fikse varmeanlegget og sette på nytt låssett. Enkelte vil kanskje no tenke at dinna gutten har rota vekk nøklane sine, men det er ikkje faktum. Faktumet er nemmelig det at låsen på sjåførsida er ødelagt. Eg kan låse men ikkje låse opp. Så kver gang eg har låst bilen får eg meg ein rundtur rundt bilen. Eg har jo ikkje problem med å gjør det av og til, for herregud, bilen er jo ganske fin og se på. Det er jo ikkje ein sånn bil som Pajero som du helst stuer bort i eit skogholt for å gjømme den. Vi kan jo alle minnest Pajero-mannen sitt eksempel då han desperat prøvde å gjømme bilen sin i all hast. Han har prøvd og unnskylde seg med at det ikkje var nok parkeringsplasser, men eg veit sannheten.

Det har seg nemmelig at Sandra Lyng Haugen var ute og gjikk ein tur, vi veit godt at Pajero-mannen er hemmelig forelska i Sandra. I sitt desperate forsøk på å unngå å vise seg offentlig i ein Pajero ovenfor Sandra kjørte Pajeromannen til skogs i eit desperat håp om å kunne gjømme seg bort. Selfølgelig måtte den nyinnkjøpte antenna på Pajeroen ofre seg, dette gjor jo Pajero-mannen utan å tenke seg om. For antenna er ein materiell skade, det at Sandra ser han i ein Pajero. Å bob, det er ikkje mulig og tenke på kva som ville skjedd i eit sånt tilfelle.

Nei no er det på tide og legge seg, eg skal jo tidelig opp og til verkstedet.

Til slutt kan eg nemne at Pajero-mannen har lovd ein snarlig retur. Det har vi hørt før og vi venter spent på om Pajero-mannen retunerer i første halvår i 2006



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This entry was posted on 30 november, 2005 and is filed under Dagsform. Written by: . You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. You can leave a response, or trackback from your own site.