Venting

Jepp, no sitter eg og venter. Venta på ein tapedrive til backuproboten. Flyet landa for 20 minutt sia no. No syns vel dei fleste av dokke at eg er utålmodig, men nei det er eg ikkje. For vanligvis pleier folka fra Jetpak å ver her nesten rett etter landing. Dersom eg mot formodning skulle sitte heime og vente til at dei ringer etter meg vil eg få ei skyllebøtte til dei grader.

Før eg fortsetter denne kulinariske artikkelen som eg skal skrive mens eg venter vil eg nemne ein svært viktig ting. Eg er påvirka av mystefistiske stoffa. Eg veit ikkje kva som skjer når ein sjokolademelk har stått på eit kontor i åpna tilstand i over 12 tima, men den smaka iallefall rart. Sjokolademelka pleie generelt sett å vere god, veldig god.
Eg regner no med at enkelte sarte sjeler spør kvifor eg drikke sjokolademelk og ikkje Coca Cola. Det har faktisk ein ganske enkel og grei forklaring, eg har eit veddemål om at eg ikkje skal drikke Cola på ein måned. Let’s face it, eg har klart å holde meg i over 26 daga, så ditta skal eg klare. Med glans til og med, ikkje det at eg skinner men eg har klart det med god margin for å si det sånn.
Pakken min er iallefall i Florø no ifølge Jetpak sin sporingsside

Dato Tid Hendelse
26OCT05 19:28 Arrival Landside O S L
27OCT05 00:06 Arrival Airside F R O
27OCT05 00:07 Print Delivery list F R O
– Not reported –   Delivered to

Eg er iallefall svært så spent om eg får Backuproboten til å fungere, håpa det ellers er eg litt ille ute for å si det sånn. Eg får sikkert lov til å ha kontor inne, og lever ikkje under konstant frykt ute, men eg får iallefall eit problem dersom eg ikkje får det til.
Ein fin film om verdens undergang skjuler seg bak linken her. Det kan vere den er litt sær men det får no heller være, litt geekete av og til på ein måte.
Ellers kan vi minne Pajero-mannen på all you’re base are belong to us.
No syns eg Jetpak kan skynde seg litt, eg er faktisk møkk lei av å vente. No har det gått 1 time siden flyet landa, om 20 minutt så går den tida dei sa dei skulle kunne levere innen ut.
No begynne eg faktisk å bli møkk lei, har så lyst til å gå heim. Tror eg gjør det, liksom det tryggaste for oss alle, det er jo ein dag i morra og….



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This entry was posted on 26 oktober, 2005 and is filed under Dagsform. Written by: . You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. You can leave a response, or trackback from your own site.