Roseeting

Om sumrane likar eg å leike skodespelar på øya Kinn, ytst i havgapet. I år fant Kenneth ut at meg og han skulle ete rose. GK fann ut at han ville sladre på oss og Bob kom med ei skremmande opplysning!

Forskning med eting av roser på lavt nivå er ikkje berre bygd på ei sann historie, den er så tvers igjennom sann at eg kjenne rosesmaken i munnen enno!

På siste forestilinga får alle vi deltakarane ei rose kvar. Og når vi er så godt som ferdige og rydde og står og venta på (eller trur vi venta på) foreldre som ska komme og jonie oss t båten sånn at vi kjem oss heilt heim, kan d bli ganske kjedelig. Viss du derimot legg t litt Kenneth her, må du forholde deg t at Kenneth ville ete Bob si rose, GK sladra og Bob kom med skremmande opplysninga, sånn i forbifarten liksom.

Kenneth fant ut d logiske at d måtte jo gå an å ete roser, "for d finst jo rosesalat!" Etter denne openbaringa fant vi ut at d e noke vi kan gjere midt i all ryddesjauen. Vi såg ned på våre fagre, mørkeraude roser, men så oppdaga vi små flekka på dei, og sånt ville vi jo ikkje utsetje oss for. Valet falt då på Bob si rose. Den låg der så fin og lyseraud på sekken hans som va innpakka i ein bosspose (som vern mot regn, ja vi har praktiske løysingar på Kinn skjønna du) oppetter steingjerdet. Der låg den og lyste mot oss "et meg". eller kanskje ikkje akkurat, mulig vi mistolka "vik frå meg!!"… men vi tok jo berre eitt roseblad og åt halve kvar!

Etter å ha slått fast at den smakte heilt ikkje-godt, fann vi ut at mørkeraude roser måtte vere tingen! Vi brukte vår logiske sans og kom fram t at mørkeraude roser nok er meir "modne". Men våre roser holdt vi oss enno unna, og vi fant då ei særs gåvmild vikingkvinne som Kenneth sjarmerte i senk. Vi dreiv jo tross alt "forskning på lavt nivå";) Og den gåvmilde dama gav oss eitt blad, som vi delte i to (reine bryllupsrituale på oss!) og åt. Denne smakte, om mulig (jo forresten når eg tenke tilbake på d, MULIG!) enno verre. D va då Gk fant ut at han ville sladre når Bob (eg tenke ofte på ein fisk når eg høyre d namnet, først skjønte eg ikkje koffor, d e jo ingen fisk som heite Bob liksom, men så kom d t meg: Har du hørt histor’jen om de 3 små fisk, som endte sine liv i en fiskehandlerdisk… Bob-ob-dædi-dædi-bob-bob-suuuuh"! og så han som reagerte me eit "HEITE du d?" (me trykk på heiter, ikkje det. For Bob e nederlandsk, han) når eg kom med min 5års deltakelsesdiplom!!!) kom jobbande.

"Dei har ete rosa di Bob". Då såg Bob rart på meg og Kenneth, så gjekk såg han bort på rosa si og gjekk noken steg nærmare. "Nei d har dei vel ishe, for den ligge jo der." men så fekk han vite at vi faktisk hadde d, vi hadde til og me ete av ei anna rose. då kom Bob me den mest fantastiske kommentaren du kan tenke deg etter å ha fortært roseblad: "men hallo, vetsje dokke at dei spraya sånne blomster me masse farlige stoff..!?" For Bob e nederlendar.Då vendte meg og Kenneth blikket mot kvarandre (altså vi såg på kvarandre) og så begynte vi å spytte. Faktisk talt så hjalp d vel ikkje nevneverdig sia vi faktisk hadde fortært rosa, men mentalt så var d bra å få ut litt særs rødt spytt. Då vi oppdaga at spyttet vårt va rødt, va d jo ei uunngåeleg sanning t som vi oppdaga. Vi hadde fått særs raude tunger! "Nå var tunga di litt fin!" Jo takk, Kenneth, di og;) Ingen hadde samme tungefarge som vi for å seie d sånn! og fin va den! Så var d klemmings og å leve i trua at vi skulle få sjå kvarandre igjen på neste konfleir på Nesholmen (så kunne vi jo gjenta leikesklihyttesovinga frå året før, for d va så koselig (og hardt!)).

Synd d ikkje blei konfleirledarskap på Tunfisken og Kenneth Futemann i år, d begynna å bli altfor lenge sia vi har fortært noke ikkje-etbart som du vil ete av logiske grunna!

Vikingen og Rosa
Den store allmektige vikingkvinna som spiste den mektige og raude rosa



5 Comments to “Roseeting”

  1. goggel sa:

    Ein mycket bra første artikkel, må jo nesten skryte litt for å få fleire til å skrive her på VS. For vi må innse det, jo fleire desto gøyare vil det bli.

    Ein kan jo forresten atter igjen lure på kor smart det er å spise roser. Det er jo eit kjent faktum at iløpet av barndommen så har sand og diverse andre heller litt spesielle matvaner stått på menyen. No har det seg slik at vår kjære Tunafish er 18 år langt over den alderen då ein har heller sære matretter på menyen. Eg lurer på kva for ein sinnsliding som får ein person til å spise roseblad som er nedspraya med kjemikalier. Er det sjølvmordstanker eller?

    Ein annan ting er namnet Bob, eg burde jo tatt copyright på det. I dagligtalen så kommer mange forskjellige Bob’er ut av min munn. Som f.eks Hobby Bob, Fisken Bob og Guden Bob, ein heil rekke Bob, og det at det kommer ein nederlender og tittelerer seg som Bob betyr nesten bare ein ting, han tilfallerr kategorien Hobby Bob.

  2. Pajero-mannen sa:

    tunafish

    munafish

    mutafish

    mutabish

    mitabish

    mitsabish

    mitsabishi

    mitsubishi

    Case closed

  3. goggel sa:

    Vissvass vil no eg si. Eg vil no påstå at det ikkje eksistera ein einaste Misjubisji på øyane, iallefall ikkje ein Pajero.

  4. Tunafish sa:

    Tunafishhar det inntrykket av at enkelte på dette sjukehuset har ein umild besettelse av bila og merke og at noken meina at bilmerke er dei beste adjektiva til å beskrive substantiv med, men då må ein hugse på at bilmerke e substantiv d og, særnamn til og med. og viss noken kan bevise at enkelte her ikkje e vilt forelska i bila og sånt, ska eg ete ei rose til!

  5. goggel sa:

    Eg kan bevise at enkelte er mycket opphengt i fæle og firkanta bila ifra Japan. Dette kan gjerne komme fram i enkelte namn her på VS…..

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This entry was posted on 5 januar, 2006 and is filed under Saksdokument. Written by: . You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed. You can leave a response, or trackback from your own site.