Arkeologihistorisk oppdaging i Naustdal
Dette melder NRK. Garden, med eitt bustadhus og tre mindre bygg, vart funnen p? Kringla, d? postmann Sylfest N?stdahl for f?rste gong tok seg heilt opp dei bratte bakkane fordi det skulle leverast ein ergometersykkel til adressa. – Eg har hatt stativet p? ruta i fleire ?r, men eg har aldri sett teikn til sivilisert liv den knappe kilometeren fr? garden postkassa st?r. Det er gledeleg at eg endeleg skulle f? sj? kven eg leverer post til, seier Sylfest.
Dramatikk
Men den erfarne postmannen fortel, med kraftig gestikulering, at livsmottoet hans, «posten skal fram», denne gongen vart sett skikkeleg p? pr?ve. – Det er f?rste gong nokon har sleppt ein okse p? meg. Hadde eg tenkt, skulle eg ha montert ergometersykkelen og sykla fr? oksen, seier han sp?kefullt, trass i st?ttekrage og krykkjer. V?r utsending m?tte halde ei viss avstand under intervjuet d? Sylfest s?g ut til ? gl?yme at han hadde meterlange metallstenger i hendene n?r han fortalde.
Etter den beklagelege misforst?inga med oksen, vart Sylfest beden inn til familien. – Eg fekk mylse og varm mj?lk. Det var rett koseleg n?r eg fekk roa meg litt etter velkomsten, seier han og held etter ein pustepause fram med ? skildre huset. – Familien sa ikkje stort, s? eg hadde tid til ? merke meg omgjevnadene. Det mest spesielle var utan tvil at dei hadde jordgolv, men samstundes hang det ei lysp?re over kj?kkenbordet. Eg skj?na fort at dette var spesielt. Noko eg kom til ? huske.
Slik avsluttar N?stdahl, og vi let han stavre seg inn att i avlukket sitt hos Post i butikk p? Samyrkjelaget i Naustdal sentrum.
Viktige observasjonar
Sylfest si beretning vekker interesse hos fleire instansar b?de p? kommunalt og nasjonalt plan.
Ein representant for Naustdal Foreining for H?gare Utdanna (NFHU) kommenterer oppildna kor unikt det er ? oppdage eit isolert samfunn i slik utvikling. «Dette kan vere representativt for korleis resten av landet opplevde innf?ring av elektrisitet. Her har vi ganske sikkert ogs? funne bruksomr?det for ergometersykkelen som vart levert», seier ho i forbifarten. Som einaste medlem i NFHU er ho travelt opptatt n?r det skjer slikt i den vesle bygda. Av postlista ser vi at foreininga har blitt kontakta fleire gongar av b?de Norsk Arkeologorganisasjon, Fylkeshistorielaget, Lindorff og fleire advokatfirma.
Vi vil f?lgje denne saka tett i tida som kjem. Allereie n?r dette vert publisert ryktast det at den no kjende familien fr? Kringla vil f? bes?k av b?de ordf?raren i Naustdal og ei utsending fr? Nemnda for Ny Teknologi i Flora kommune i n?raste framtid.
Media, naustdal
Ahhh, endelig litt gammal bygdehistorie fra sunnfjord
Up-to-date bygdehistorier st?r det jo i Firdaposten kvar einaste dag 😉
Dei har ein seksjon med gammal BY historie fra Flor? og bygdehistorie fra bygdene rundt.