VS

goggel goes army style

by goggel on Sep.01, 2009, under Saksdokument

 

 Så var vi tilbake igjen. Dessverre litt for lenge siden eg har skrevet her, men slik går det når lysta ikkje heilt er tilstede. Det har skjedd fleire ting dei siste månedane. Blant anna så har eg faktisk vært i kongens grønne klær.

Onsdag 19 august tidlig på morningen, eigentlig altfor tidelig for dei aller fleste sånn som eg ser det. Klokka var uansett 06:00 satt eg på flyplassen i Kristiansund mens eg venta spent på at eg kunne gå om bord i flyet. Spent er vel ikkje det riktige ordet for det, eg var vel meire fylt av hat og redsel for kva som skulle skje.  Eg skulle jo faktisk sløse vekk det neste året mitt med ein masse 18-19 år gamle gutta for 147 kroner dagen. Eller det er jo ikkje bare gutta lenger, det fins jo jenter og der. goggels tanks

Uansett så var eg ikkje så blid for å måtte dra inn i militæret. Vel framme på Gardermoen blei eg henvist inn i ein buss. Ein buss som skulle ta meg videre til konsentra…. nei, eg meinte militærleiren Sessvollmoen. Der fikk vi først informasjon og blei meldt opp til tjeneste.

Det å melde seg opp til tjeneste gjekk for øvrig ganske greit. Det var vel her omtrent eg fekk min første runde med det militæret har blitt så kjent for. Venting, og så dyktig som eg var hadde eg selvfølgelig lesestoff med meg. Det som ødla ventinga mi var mp3 spilleren min. Den lekre standhaftige mp3 spilleren min svikta meg for første gang i sitt harde liv. Den spilte 2 sekund med musikk og 5 sekunds pause, så 10 sekund med musikk og 3 sekund pause.  Etter at eg kom heim har eg selvfølgelig konstatert at alle dei høgst lovlege filane som var hentet fra Petra var korrupte på mp3 spilleren, dette blei selvfølgelig erstattet med nye filer fra dama som aldri har svikta meg.

Etter oppmeldinga var det klart for narkosjekk. Sjekken blei utført av ein overivrig hund som var både høgt og lavt. Den medførte litt ekstra nervøsitet siden den stod sjukt lenge ved personen ved siden av meg. Eg var selvfølgelig plettfri for slikt vidunderstøv som den hunden ville klare å fange opp.

Etter at hunden hadde sniffa framme og bak og sjekka sekkane våre vart det ein ny runde med venting. Eg såg då for meg det neste året som eit ganske avslappande år med venting og litt til venting. Sikkerhetssjekken som fulgte etter var ein heller rar opplevelse. Det som blei undersøkt mest var fotokameraet mitt og han som skulle sjekke det var mest inntresert i prisen på kameraet.

Deretter var det ut for og vente litt til før vi hadde bår første marsj, ja faktisk. Eg har nemmeleg marsjert i militæret, eg må nesten si eg er stolt. Det var vel ikkje seriøs marsjering, det var vel kanskje heller den mest uordna gruppa Sessvollmoen har sett i sitt lange liv som militærleir.

Deretter fulgte helsesjekkane. Etter at vi hadde fylt ut litt papir om helsetilstanden vår, inkludert eit skjema ang fugleinfluensaen blei vi sendt for å veie oss. Eg blei veid inn til 98 kg, noko som eg nesten må sei er ein skuffande lav matchvekt. Eg hadde håpt på 3 sifra vekt i det minste.

Vidare bortover gangen ventet synstest. Ein synstest som oste av kvalitet . Nei det er vel ikkje heilt sant, den synstesten vi hadde ville fått einkver optiker til å folde seg sammen i ein frekk liten fosterstilling  og grene.  Eg endte i alle fall med -1 i syn på begge øyner og irritasjonen var stor fra meg når eg prøvde å forklare at eg nettopp har vært hos optiker og sjekka synet og hadde -0,75.

Det hjalp nok dessverre lite og eg blei sendt vidare til legen. Ein lege som forståeleg nok var litt skeptisk til mine skavanker. Det som til slutt felte meg var ein ankel som eg har vrikka eller tråkka over med mange ganger. Eg fortalte vår kjære legevenn at eg har hatt store problemer med foten når det kommer til overtråkk og at problemet vender ofte tilbake. For å være heilt ærleg så hadde eg ikkje vært plaget med ankelen på 1 års tid. Sist gang eg hadde store problem var under Vinjerock for eit års tid sida då eg hadde eit heller luftig svev med ein heller dårleg landing. Dette medførte ein heller særs hoven ankel og eit sleskt smil fra Skogens Kongle.

Den hendelsen skjedde for omtrent eit år siden og er for øverig glømt og vi vender tilbake til litt nyare ting som mitt kjære legebesøk. Etter litt fram og tilbake angåande ankelen min blei eg fritatt fra tjeneste.  Fra legen blei eg sendt til dimmekontoret for å få flybiletter. Det var vel her eg tilbrakte mesteparten av tida mi i militæret nesten, sittandes på eit klasserom og vente.

Det litt sære var at over halvparten av dei som venta på bilettane sine der ville jo faktisk være der. Dessuten hadde dei mindre skavanka enn det eg hadde, litt skummelt og tenke på, at folk faktisk vil være inne. Det er då eg tenka på at ein kanskje burde hatt eit profesjonelt militær ein gang i framtida, det kan jo være det dei tenker på no?

Etter at eg kom heim etter ein dag i forsvaret hadde eg litt dårleg skyldfølelse (er det riktig ord, har hatt totalt jernteppe dei siste dagane på det ordet som skulle stå her). Det skulle vise seg å fikse seg  5 dager seinare under ein joggetur. Uten å trakke over eller noko lignande presterte eg å få skikkelig vondt i høyre foten min. Dette fjerna all min tidlegare skyldfølelse for å snike meg sleipt unna kongens grønne klær.

:, , , , , , , ,
4 comments for this entry:
  1. Pajero-mannen

    Følgende ble visstnok funnet i en søppelbøtte på Sessvollmoen:

    Checklist

    1. Dårlig syn: X
    2. Vond ankel: V
    3. Passifist:
    4. Elendig kondisjon:
    5. Konsentrasjonsproblemer:
    6. Hjemlengsel:

  2. goggel

    Hehe, nesten sant. Bare at eg strøyk passifist siden eg faktisk har jegerprøva ;-)

  3. Skogens kongle

    Først og fremst må eg kommentere din påstand om at du har vore i kongens grøne kle. Er du sikker på at du ikkje var i goggels rosa kle under oppholdet?

    Då vi hadde narkosjekken beit hunden tak i leggen til ein av dei som blei sjekka og drog han bortover golvet. Såg etterpå at blodet trakk gjennom buksebeinet.. Var ein smule skjelven etterpå.. Forståeleg nok..:p

    Huska synstesten, ja. Det luktar kvalitet av å få synet vurdert av ein tilfeldig person inne til førstegangsteneste.

    Kan ikkje huske det sleske smilet, men det er mogleg at det vart eit par slike.. :P For øvrig gjekk det jo litt tid på å vente på deg rundtomkring på området.

    147 kroner dagen! Vi fekk 120 kroner… Nei, militæret no for tida..

    Får vel gje deg ein formell gratolanse (gratulasjon og kondolanse, mykje brukt ord i Kisangani for tida) for at du gjekk glipp av militæret. Det med hunden litt lenger oppe var forresten ikkje heilt sant. Fin ballongtank du har der. Eg trur det må vere ganske så flott å sitte i den, men berre viss det er ballongar på innsida òg.

  4. goggel

    Ok då, eg kom aldri i grønne klær, men har aldri vært i rosa heller ;-)

    Ballongtanksen var litt min unnskyldning for å være passifist…

Leave a Reply

Looking for something?

Use the form below to search the site:

Still not finding what you're looking for? Drop a comment on a post or contact us so we can take care of it!