Str?mhelvette
Produkt |
Periode |
Forbruk |
Pris |
Mva-% |
Beløp |
Nettleige energi | 02.02.06-04.04.06 | 1 027,00 kWh | 36,91 øre | 25,00 | 379,07 |
Nettleige fastbeløp | 02.02.06-01.07.06 | 149 dagar | 2 562,00 kr | 25,00 | 1 045,86 |
Sum nettleige | Kr 1 424,92 |
||||
Kraftpris | 02.02.06-01.04.06 | 981,60 kWh | 44,53 øre | 25,00 | 437,13 |
Kraftpris | 01.04.06-04.04.06 | 45,40 kWh | 44,53 øre | 25,00 | 20,21 |
Fastbeløp Kraft | 02.02.06-04.04.06 | 61 dagar | 300,00 kr | 25,00 | 50,14 |
Sum kraft | Kr 507,48 |
||||
Sum fakturert | Kr 1 932,40 |
||||
Girobeløp | Kr 1 932,40 |
Så er det no då slik at eg må betale ¾ dela i nettleige, hadde strømregninga vært slik og eg hadde fått ei strømregning på 2000 der ¾ var strøm ville eg nok frøse i hjel for å spare strøm Uansett, ein må ha lov til å bli forbanna når slikt skjer!!!!
Dessuten kom sjølvangivelsen min i posten, det var faktisk litt deilig å lese den. Eg trodde eg skulle få ein sånn fin baksmell på den fine tingen som heite skatt. Slik vart det no ikkje, eg fikk faktisk sånn ca 8500 kroner igjen på skatten. Ein lettelse, eg veit no ikkje ka som gjør det, men det er nokke som heiter ”Minstefrådrag eiga inntekt” som var på nesten 60000 som trakk ifra det eg skulle betale skatt på. Iallefall slik eg har forstått det. Så no sitte eg her, eit par tusenlappa rikare. Er vel ikkje rikare akkurat no, blir vel rikare til høsten ein gang. No er eg litt spent forresten, for eg har ein mistanke om at eg betala like masse i skatt som det nesten alle her på VS betala i skatt. Selfølgelig dersom vi ser bort ifra Pajero-mannen. Då står det vel ikkje igjen med så mange heller då?
Eg kanog nemne at eg har knekt 3/tre innebandykøller dinna sesongen. Eg syns det er ganske sterkt gjort om eg får seie det sjølv. Eg lika å si at eg har så kraftige skudd at det er derfor dei knekker. Ein av dei var ikkje derfor heller, då var det ein som trakka på kølla desverre
Eg har dessuten vært på russerevyen, det var vel heller ein middelmådig forestilling som ein faktisk kan bli sveiseblind av. Enkelte dela var faktisk svært så knall, vi kan der dra fram politiet i Florø, datatjuveri på Videregåande, møbelhandel i førde og ein svært så PR kåt eikefjording. Guttestrippinga var faktisk ganske så fæl og det skulle blitt advart mot sterke scener ved inngangen, for det er rett og slett slik at augane mine ikkje tåler det å se slikt. Det blir for sterkt for meg, det er vel kanskje ein av grunnane til at eg meiner at det burde vært påbudt med sveisebriller.
Eg må vel og informere folket her om at eg drar på ein såkalt påsketur. Skal til Stølsheimen og trakke fjella sidelengs og baklengs, kort fortalt eg skal gå langt. Kanskje eg skal finne ruta slik at dokke veit kor dokke har meg i verden. Tror eg har den på e-posten ein plass, kan nok ikkje garantere det. Ska me sjå…… Eg fant den, knall, her kommer turruta mi, skulle tegna den på eit kart dersom eg hadde hatt eit skikkelig tegneprogram på PC’en, nokke som eg forøverig mangla.
Dag 1: søn 09.04
Vi møtes på Voss ca 1400, tar Hangur banen til toppen og går inn til
volahytta
Dag 2: man 10.04
Volahytta- Torvedalen
Dag 3: tir 11.04
Torvedalen- Selhamar. Her er det mulighet for de som vil starte seinere til
å henge seg på. De da buss til Vikafjellet og går derfra og inn (kvista
25km). Også mulighet for de som vil avslutte turen å gå ut til Vikafjellet
Dag 4: ons 12.04
Selhamar-Åsedalen. Her er det også med å henge seg på eller forlate turen
til/fra Vikafjellet (ikke kvista Ca 25 km)
Dag 5: tor 13.04
Åsedalen- solrenningen
Dag 6: fre 14.04
Solrenningen_norddalshytten De som ønsker det kan her forlate turen og gå
ned til Ortnevik
Dag 7: lør 15.04
Norddalshytten-Vardadalsbu
Dag 8: søn 16.04
Vardadalsbu-Skavlabu
Dag 9: man 17.04
Skavlabu- ut til riksvei E16. Buss til bergen 20.10. Ank. Bergen 21.50
Eg vil og poengtere at turen starter på Mandag istedenfor Søndag og inni ditta strømlinjeforma programmet skal vi spare ein dag. Eg lura litt på kor det blir, men enkelte er visst skikkelige stratega når det kommer til planlegging, og dei hevda dei har kontroll på det. Så eg stoler blindt på dei desverre
No blir eg då vekke og utilgjengelig i 8 daga då tror eg. Eg stola derfor blindt på at Tunafish, Pajero-mannen, XXL og leis holder VS oppdatert og ved like. Ein må heller ikkje glømme å feire 2 årsdagen til VS den 13 april. Eg skal kanskje slå meg laus med litt sjokolade på ein eller anna fjelltopp. Ein kopp kakao blir det uansett kver dag, det har liksom blitt eit must i livet mitt. Dessuten blir eg forresten litt lenger vekke enn dei 8 dagane tror eg. Eg skal nemmelig på gårdsferie og bli bonde igjen, eg skal vel ikkje det enkelig. Eg skal lære tanta og onkelen min med data. Dei har aldri brukt data før og vil gjerne ha min hjelp for å klare seg i datajungelen. Eg må vel si at min kjære tante ikkje er så glad for dataideen. Ho er vel ein motstander av data og liker å huske ting. Ikkje minst lika ho og skrive ting i ei papirblokk, så alle sauane på gården står oppført i ei bok, der står og datoen dei blei født osv. Ein ganske velutfylt bok faktisk. Mitt mål er å lære ho å like data, ikkje minst å bedrive slektsforskning på data. For ho er visst dyktig på det, derfor syns resten av familien at det er smart at ho dokumentera alt det ho finner ut på ein pc. Gudane veit kor smart det er å slippe enkelte til på ein PC. Eg vil si at eg er veldig tvilsom til om at det er så smart!
Eg skal forresten på DumDum Boys konsert, eg må forresten huske å hente bilettane. Kan være litt tabbe å glømme dei Syns resten av VS skulle kommt til Florø på DumDum Boys konsert. Hadde blitt liv det faktisk, ei Huldre, ein labrotte, ein webdesigner, ein attpåklatt og sist men ikkje minst ein datageek.
No er eg faktisk litt lei av å skrive, har faktisk skreve ganske masse, det beste er at eg har skrevet alt sjølv, utenom tabellen som ligger heilt i toppen av artikkelen. Slik er det no, når det først kommer ein artikkel blir artikkelen laaaang. Tror ikkje det er nokke særlig anna nytt som har skjedd sia sist. Så no skal eg legge meg straks tror eg, er litt møkkalei av å skrive.
Farvel til neste gang……
Legg att eit svar